Vellukka Golrenn med god deltaking

Postet av Gol IL - Langrenn den 8. Des 2014




Golrennet søndag 7. desember vart nok ein gong svært vellukka. Godt ver og fine løyper sikra like forhold for alle dei 237 løparane som starta, og med 15 sekunds startintervall var heile rennet avvikla på under to timar
Av våre eigne løparar var det mange gode prestasjonar. Av dei yngre var Sondre Ween Helberg i G-12 svært nær dei beste i klassen sin. Mari Lindmo Kvanneberg gjekk eit godt løp i J-15 medan alle dei tre juniorane som stilte (Tor Magnus Skredegård, Knut Skrindo og Jonas Køso Svarstad) gjorde solide 10km-prestasjonar. Godt gjennomført!

RESULTAT GOLRENNET 2014
Bileta: Tor Magnus Skredegård (over) og Knut Skrindo mot mål.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.