Vellukka Golrenn med god deltaking

Postet av Gol IL - Langrenn den 8. Des 2014




Golrennet søndag 7. desember vart nok ein gong svært vellukka. Godt ver og fine løyper sikra like forhold for alle dei 237 løparane som starta, og med 15 sekunds startintervall var heile rennet avvikla på under to timar
Av våre eigne løparar var det mange gode prestasjonar. Av dei yngre var Sondre Ween Helberg i G-12 svært nær dei beste i klassen sin. Mari Lindmo Kvanneberg gjekk eit godt løp i J-15 medan alle dei tre juniorane som stilte (Tor Magnus Skredegård, Knut Skrindo og Jonas Køso Svarstad) gjorde solide 10km-prestasjonar. Godt gjennomført!

RESULTAT GOLRENNET 2014
Bileta: Tor Magnus Skredegård (over) og Knut Skrindo mot mål.



Ny verdscup-siger til Pål - nummer fire samanlagt

Postet av Gol IL - Langrenn den 8. Des 2014



Mange har hatt store forventningar til Pål Golberg i år, og mini-touren på Lillehammer i helga viste at han er i rute. Rett nok ikkje i toppform, men god nok til å vere suveren på sprinten fredag, og vere heilt i ryggen på dei aller beste på distanse.
Etter den flotte sprintsigeren fredag, gjekk han ein god 10-kilometer i fristil laurdag. Eit fall mot slutten øydela ei enda bedre plassering, og gjorde utgangspunktet søndag vanskelegare.
Likevel var han berre ein hårsbredd frå pallen, men for ein gongs skuld tapte han ein spurt mot Sjur Røthe og vart nummer fire.
No ynskjer vi berre at Pål held seg frisk i år, og finslipar forma fram mot Falun-VM.



Sesongavslutning torsdag 8. mai kl. 18.00 på klubbhuset!

Postet av Gol IL - Langrenn den 4. Mai 2014



Det blir sesongavslutning på

KLUBBHUSET - TOSRDAG 8. MAI KL 18.00
(NB! Påmelding innan mandag 5. mai)

LES INNBYDINGA HER


Pål tatt ut på Allround-landslaget

Postet av Gol IL - Langrenn den 29. Apr 2014

Pål Golberg fekk endeleg beskjeden han har venta på lenge. Han har fått plass på allroundlandslaget. Landslaget for 2014-2015 ser slik ut:
Menn Allround
Pål Golberg (Gol) - Ny, Chris Jespersen (Korlevoll) - Ny, Eldar Rønning (Skogn)
Sjur Røthe (Voss), Simen Andreas Sveen (Ring) - Ny, Martin Johnsrud Sundby (Røa)
Didrik Tønseth (Byåsen) - Ny, Simen Østensen (Fossum) - Ny.
Kanskje det var dei gode matpakkane (sjå video under) som gjorde utslaget!
I alle fall. Lykke til, Pål!


Flott innsats under Bendit-festivalen på Liatoppen

Postet av Gol IL - Langrenn den 15. Apr 2014

av: Stein Ove Helberg

 Følgende løpere deltok fra Gol:- Thea Viko Eidsgård- Thea N. Fosshagen - Sondre W. Helberg.De gjorde en flott innsats med stafett fredag og normal-program løsrdag og søndag. Løperne våre stilte henholdsvis i nybegynner og 11 år og eldre. Thea V.E tok en flott 3 plass på lørdag.Søndag skjøt alle fult hus og gjorde en flott innsats.
Andre golinger (går for Ål) gjorde også en flott innsats, blant annet Mari Lindmo Kvanneberg (J-14) som ble nummer 15 på lørdag, og fulgte opp med en flott sjetteplass søndag.
På bildet ser vi Thea, Thea og Sondre sammen med verdens meste kjente skiskytter-entusiast!


Emil VANN Sparebank1 Cup

Postet av Gol IL - Langrenn den 14. Apr 2014



Dei to siste renna i Sparebank1 Cup gjekk av stabelen på Geilo i helga.
av: Helge Fivelstad

På den klassiske fem-kilometeren søndag vart Emil nummer seks, 25 sekund bak vinnaren, Magnus Bøe. Det gjekk noko bedre søndag. Emil gjorde eit godt renn i fristil , men greidde ikkje å ta att Bøe i jaktstarten. Samanlagt vann Emil Sparebank1 Cup Buskerud i og med at Magnus Bøe berre har delteke i tre av renna.

Knut Skrindo kom for langt bak på 10 km klassisk fredag til å kjempe i teten på jaktstarten i fristil søndag, sjølv om han gjekk eit godt løp der. Knut vart nummer 7 samanlagt i Sparebank1 Cup Buskerud.


RESULTAT SAMANLAGT GEILO SKIFESTIVAL